Eventyr i teaterhovudstaden


Er det noko vår söta bror i nabolandet kan, så er det teater. Derfor dro vi, drama og teater-klassa, til Sverige for å sjå stykke på stykke. For meg var dette min første Stockholm-tur, og for meg er byen no blitt teaterets hovudstad.


For meg var hausteventyret ei reise med mange intrykk som inspirerte og engasjerte. Og ikkje minst, fekk eg nyte ei veke saman med dei hærlige klassekameratane mine.


Eit av stykka skulle vi analysere, eg valgte klassikaren "Fröken Julie". Eg har alltid vore glad i kunst frå realismen og naturalismen, så stykket traff meg perfekt. Analysen fekk eg B+ på, så det skal ein ikkje vere misfornøgd med!


Stockholm er forresten ein fantastisk vakker by, mange gamle bygningar som framleis står oppreist i sin beste glans.


Og så var vi så heldige å få vere med på omvisning både her og der. Vi lærte om kjende svenske dramapedagogar, Astrid Lindgren, korleis det er å arbeide med teater og meir, mykje pensumrellatert! Dette bilete er frå Stadsteateret.


Gode og mette av estetiske uttrykk, dro vi tilbake til Volda, klare for eksamensperiode!




hits

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar