Landsmøte i Røde Kors

Nyleg vart landsmøte i Norges Røde Kors arrangert ved Gardermoen hotel. Eit svært viktig møte for å avgjere framtida til nasjonalforeninga. I tillegg til president, generalsekretær og andre toppar i Norges Røde Kors, deltok statsministeren og andre partileiarar, gjester frå andre nasjonalforeningar i Røde Kors og tidlegare leiarar i Norge. Helga var fyllt med diskusjonar, avstemningar, god mat og kulturell underhaldning.

Heile 850 deltakarar med verv i Røde Kors frå heile landet deltok på møtehelga.
Sjølv var eg delegat frå landsrådet til Røde Kors Ungdom. Vi kjempa for fleire saker som var viktige for oss i ungdomsorganisasjonen. Ungdommen på møtet var svært aktive på talerstolen og i debattane.

Sjølv hadde eg eit innlegg om mangfoldet i organisasjonen.