Om meg, Espen André Breivik

Hei.
Ein typisk profiltekst ville byrja med "eg er ein heilt vanleg gut på 18 år", men det er eg heldigvis ikkje.
Eg går siste året Medium og Kommunikasjon på Volda Vidaregåande skule, ei retning eg ynskjer å studere vidare. Kommunikasjon, pr, journalistikk, retorikk, drama eller noko i den retninga.
På fritida er eg aktiv i Røde Kors Ungdom, eg var tidlegare leiar i Volda. I år stiller eg også på vallista til Volda SV under kommunevalet.
Ellers er eg glad i å finne på ting med vener, reise og sove. Eg arbeider i lokalavisa Møre og har noko erfaring frå lokalradio og tv-produksjon ved Color Line Stadion. Av frivillig arbeid har eg blant anna vore leiar i den nasjonale valgkomiteen for Røde Kors Ungdom, vore med i ein tre vekers lang skoleturne med felleskampanen Involve Yourself.
Kontakt med gjerne på Facebook eller mail: EspenBreivik92(a)yahoo.no
Kva tyder eldhug?
Eldhug er nynorsk for engasjert. I følge ordboka; oppgløding, entusiasme; lidenskap.
Espen André Breivik | Opprett ditt eget merke